Rollebeskriving - Lagleiar
Lagleiaren har ansvar for dei administrative og organisatoriske oppgåvene rundt laget, og skal vere eit bindeledd mellom spelarar, føresette, trenarar og klubb. Rollen skal bidra til at den daglege drifta av laget fungerer godt og at trenarane kan konsentrere seg om det sportslege arbeidet.
Kvalifikasjonar:
· Politiattest
· God organisasjonsevne
· Strukturert og påliteleg
· Gode samarbeidsevner
· Positiv og inkluderande haldning
· God kommunikasjon med spelarar, føresette og klubb
· Kjennskap til klubben sine rutinar og verdiar
· Grunnleggjande forståing av NFF sine Fair Play-prinsipp
· Enkel digital kompetanse for bruk av FIKS og Spond
· Kjennskap til klubben sin beredskapsplan
· Kjenner NFF sine retningsliner for trygg og inkluderande aktivitet
· Har kunnskap om foreldrevettreglane
· Kjenner rutinane for handtering av mobbing, trakassering og uønskte hendingar
Ansvarsområde:
· Vere kontaktperson mellom laget og klubben.
· Koordinere informasjon til spelarar og føresette.
· Administrere kommunikasjon i Spond.
· Organisere kampoppsett, cupar og reiser i samarbeid med trenarane.
· Følgje opp materiell, drakter og anna utstyr.
· Koordinere dugnader, kampvertordning og andre praktiske oppgåver.
· Bidra til eit godt sosialt miljø og fremje Fair Play-verdiane i laget.
- Lagleiar har, saman med trenar, ansvar for oppfølging av spelarar som er skadde eller fråverande over lengre tid. Dette inneber å halde jamleg kontakt, høyre korleis dei har det, tilby tilrettelagde øvingar eller alternative treningstilbod, og sikre at dei framleis kjenner seg inkluderte og verdsette i det sosiale og sportslege lagmiljøet
Mål for rolla: Lagleiaren skal sørgje for god organisering og kommunikasjon rundt laget, slik at spelarar, trenarar og føresette får ei positiv og trygg fotballoppleving.
Lagleiar er underlagt Sportsleg Utval