[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Minneord

Forfatter: Jon Halstein Tjore

02. mars 2026

Forside
News article image

Det var med sjokk og sorg vi nyleg fekk meldinga om Ola Jøsendal sin bortgang. Med det har Nordhordland – og langt utover det – mista ein pådrivar for idretten og ein heil vegg med kunnskap om alt frå friidrett, fotball og idrettsmedisin.

Det er ikkje få lokale idrettsutøvarar som kom til Ola med sine store og små skavankar – og Ola sa aldri nei og bad aldri om ei krone for hjelpa. Og Ola fiksa ofte ting som idrettsungdom hadde slite med i lang tid og som ikkje helsesystemet elles klarte å få kontroll på.Ola var lege med stor L – alltid på alerten og alltid klar til å hjelpe. Når både med- og motspelarar låg nede med skade var Ola først ute på bana, og han visste veldig godt kva han held på med.

Ola engasjerte seg i Radøy fotballklubb då sonen Lars Olav starta i klubben. Først som far, så som hjelpetrenar før han på tampen av 2020 tok over som hovudtrenar for A-laget til Radøy. Fotballen var nedstengd i halvanna år på grunn av pandemien - og utan Ola er det mogeleg det heile hadde kollapsa. Ola var ekspert på virus og kunne sikre at treningane vart gjennomførte på ein trygg måte. Vi var alle frustrerte i den tida – ikkje minst Ola  som visste kva som var trygt og ikkje. Utandørs trening medfører minimal smittefare.  Men han fann på mange og varierte øvingar og medverka til å halde motet oppe på dei fleste spelarane og støtteapparatet.Hausten 2022 fekk vi endeleg spele fotball igjen – og vår største opptur var sesongen 2023 då vi rykka opp til 4. divisjon.

.Vi som har fått gleda av å jobbe samen med Ola har med oss minne som vi aldri gløymer. Han var ein trenar med eit enormt engasjement både på og utanfor sidelinja. Vi delte gleder og sorger, vi krangla, kjefta og vi jubla saman – og eg er heilt sikker på at Ola si helg var minst like tung for han etter eit tap som for spelarar og støtteapparat. Men slik er det med fotballen – den får blodet til å koke også i oss godt vaksne. Den får oss til å føle at vi lever.

Våre tankar går no først og fremst til vår tidlegare keeper og lagkamerat Lars Olav og resten av familien til Ola. Engasjementet var noko heile familien delte og vi fekk møte dei alle på kampar. Vi takkar dykk alle for at vi fekk låne av tida til Ola og vi tenkjer på dykk i sorga.

Med helsing frå Radøy Fotballklubb og oss som har jobba rundt A-laget til Radøy saman med Ola.