Æresmedlem
Forfatter: Konrad Risnes
23. november 2025
Øyvind Skutle feirar 40 år og denne helga var han på Solstrand Hotel med den nærmaste familie. Han vart tatt litt på senga då det var nokon frå Radøy FK som sat å venta på han.
Øyvind starta i Radøy/Manger i 2002, først som spelar og seinare som oppmann på seniorlaget. Frå om lag 2010 gav Steinar Christensen og Magnar Fjell han faste oppgåver som vart utført pliktoppfyllande.
Øyvind har vore med på opp og nedturer med Radøy Fotballen. Trenerer, spillere har komt og reist igjen, men Skutle han har ikkje gitt seg.Han har stått støtt uansett korleis det har enda.
For å sitera mora, Gerd, så må planer som dei skal leggja i heimen koordineres med terminlista til Seniorlaget, kolliderer planer med trening eller kamp så vinner fotballen.
Far, Tor seier fotballen er vitkig for Øyvind. Øyvind er "lika" viktig for Radøy FK.
Med det engasjementet som Øyvind har vist og viser for Radøy FK er det ei stor glede å få overrekka han æresmedlemkap i Radøy Fotballklubb..
Øyvind er kjent for sitt legendariske kamprop etter kamper der me har vunne både på heime og bortekamper.