[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Radøy Fornya kontrakten i 5.div og jakter oppryk fra 7.div til 6.div

Forfatter: Jon H. Tjore

21. oktober 2025

Forside
News article image

  Radøy fornya kontrakten i 5. divisjon 

Radøy sitt a-lag sikra ny kontrakt i 5. divisjon etter 1-0-siger mot eit formsterkt Arna Bjørnar 2 på søndag.

Sigeren var fortent men det gjekk heile 75 minutt før Sander Rath sette ballen i nettmaskene frå rundt 10 meter etter å ha vendt vekk midtstopparen. Keeper Sigve Dragøy hadde og eit par flotte redningar som hindra gjestane frå å skåre.

Dette har vore ein trøblete sesong og laget gjekk til haustsesongen med berre 6 poeng i potten. Med litt forsterkingar i stallen og ny hovudtrenar i Tore Namtvedt med Marius Valdersnes og Arild Markussen som hjelpetrenarar, vart haustsesongen fleire hakk betre. Som viser at det bur mykje god fotball i laget. Som laget og klubben kan bygge videre på inn mot neste sesong i 5.divisjon.  Søndagens 1-0 seier sletta Radøy all tvil og kan senke skuldrene før dei møter opprykkskjempande Bergen Nord borte i siste seriekamp på fredag.

Radøy 2 har gjort ein god sesong i 7. divisjon, men har trøbla mot dei svakaste laga i serien. Men dei treng berre eitt poeng for å sikre opprykket i siste kamp på laurdag klokka 13:00. Den går i Austmarka mot Lindås. Det vert nokre spanande timar.

Foto: Sander Rath sette ballen i nettmaskene og sikra Radøy sitt a-lag ein ny sesong I 5. Divisjon neste år.  

Custom image