[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Årsbeste frå A-laget

Forfatter: Jon Halstein Tjore

30. august 2025

Forside
News article image

Første omgang borte mot Mann fredag var årets beste prestasjon frå A-laget. Dette resulterte også i ein viktig bortesiger, 1-2.

 Hadde vi trilla terning hadde det vorte rimelig høg skår på alle spelarane. Dette trass i at fleire spelte i uvande posisjonar.Ingmar Hoen Tjore vann stort sett alle duellar som midtstoppar både på bakken og i lufta. Normalt spelar han midtbane eller back. Han var også den som vart kløpt ned og sikra Radøy straffespark og 1-0 leiing. Han kom på eit raid heilt frå eige forsvar og inn i motstandaren sin 16-meter. På veg dit gjekk ballen på ein tøtsj innom fleire spelarar. Eit flott angrep. Straffesparket sette Ivan Stautland Valdersnes i mål. Han har no skåra på tre straffespark på rad og synest å vere førstevalet som straffeskyttar på laget.Unge Magnus Fjeld debuterte også som midtstoppar på A-laget saman med Ingmar og det fungerte veldig bra. I denne kampen sleppte Radøy inn berre eitt mål - også det etter straffespark. For mange baklengs har vore det store problemet til laget i år. Berre eitt lag har sleppt inn like mange mål som Radøy i denne avdelinga. Saman med backane Espen Fanebust Lilletveit og Chris Lunde/Even Rikstad og keeper Sigve Uthaug Dragøy held Radøy-forsvaret sterke angriparar frå Mann unna eige mål i denne kampen. Ei godt fungerande og hardt kjempande midtbane og angrepsrekke gjorde også jobben lettare.Marcus Hermansen jobba som ein helt i den hengande spissrolla og er no verkeleg i ferd med å få ut det store potensialet sitt. Han skåra også mål mot slutten av første omgang då han fanga opp eit tilbakespel frå ein Mann-forsvarar. Dette skjedde etter god kollektivt press frå Radøy. Radøy gjekk til pause med 2 - 0 leiing. 2. omgang fekk ein litt annan karakter og Mann fekk eit overtak. Radøy hadde likevel bra kontroll, men det vart eit straffemål til heimelaget fem minutt før full til. Dermed vart det neglebiting for Radøy-tilhengarane dei siste 5. minuttane pluss 5 minutt tillegg, men det held heilt inn. Radøy kunne dermed reise heim med 3 poeng i lomma.Radøy har i haust teke 10 poeng på fire kampar, mot berre 6 poeng på heile vårsesongen. Men laget har også møtt motstandarar frå den nedre halvdelen av tabellen så langt i haust. Neste helg møter Radøy Smørås 2. Med siger der har Radøy 19 poeng noko som kan vere nok til å sikre ein ny sesong i 5. divisjon. Den kampen vert difor veldig viktig.  

Custom image

Bilettekst: Ingmar Hoen Tjore (tv) tapte knapt ein duell i uvand rolle som midtstoppar. Ivan Stautland Valdersnes (th) sette sin tredje straffe i mål på tredje forsøk då Radøy tok leiinga i kampen.