Ørjan Lunde tilbake i Radøy
Forfatter: Jon Halstein Tjore
05. september 2025

Radværingen er tilbake i Radøy-trøya etter over 70 kampar for Lyngbø, der han var med og løfta klubben sitt A-lag til 3. divisjon.
Ørjan spelar stort sett midtbane men har også hatt defensive roller i laga han har spelt for. Han er sterkt og kompromisslaus i taklingane og vil vere eit viktig tilskot når Radøy sitt A-lag møter stadig tøffare motstandarar utover hausten. Ørjan spelar sin første kamp for Radøy etter overgangen førstkomande søndag kl. 16:00 borte mot Smørås 2.
Ingmar Hoen Tjore kom også tilbake i haust frå Tertnes og skal vere med i nokre kampar framover. Han var sterkt medverkande til Radøy sin siger over Mann førre helg. Morten Helland har også kome i gang igjen i haust, men har slite med ein skade i leggen. Ting tyder på at han snart er på bana igjen – truleg alt til helga.
Etter å ha slite heile vårsesongen med berre seks poeng har Radøy kome godt i gang i haust med 10 poeng på fire kampar. Vert det siger også på søndag skal plassen i 5. divisjon neste år vere rimeleg trygg.
Vi ser også at mange spelarar har løfta seg i haust. Med nokre sigerar aukar både entusiasmen og innsatsen på bana. Det betrar også prestasjonane både på trening og på kamp.
Radøy 2 har gjort ein god vårsesong og er på skothald for retur til 6. divisjon igjen etter nedrykket i fjor. Radøy 2 møter Nordre Holsnøy borte kl 15:00 på laurdag.