Endelig siger for herrer A-lag
Forfatter: Jon Halstein Tjore
08. august 2025

Endeleg siger for A-lagetEtter ein blytung vårsesong vart det endeleg tre poeng heime for A-laget med 3-1-siger mot Telavåg på Sletta fredag.Med heile sju spelarar frå A-lagstroppen vekkreist måtte resten ta jobben, noko dei løyste godt. Det hjelpte også å få tilbake Simon Kolstad Morken og Ingmar Hoen Tjore til klubben og Morten Helland på bana igjen. Unge Erland Soldal Sæbø (18) imponerte og skåra to og Martin Tjore Espenes skåra eitt.Henrik Fanebust Lilletvedt (16) gjorde det godt i sin debut for A-laget då han kom inn mot slutten av kampen. Spissen var stadig ein trussel mot tøffe seniorstopparar. Guten har skåra heile 20 mål på ni kampar i 2. divisjon G16 i vår så han veit kvar målet står. Det gror godt i ungdomsrekkene i klubben og Radøy hadde også 16-åringen Magne Hamre på benken i denne kampen.Dette vart ein relatativt tøff knokkelkamp på ei våt men god grasmatte og det oppstod fleire situasjonar med diskusjon om staffespark - ikke minst til Radøy. Radøy vann kampen fortent men Telavåg var særleg farlege på kontringar og dødballar. Det var også Telavåg som tok leiinga i første omgang og stillinga var 0-1 til pause. Radøy hadde mange sjansar og det var nesten utruleg at laget ikkje skåra før ti minutt ut i andre omgang. Radøy trykte på men Telavåg var farleg frampå med kontringar og dødballar. Like før full tid sette Martin ballen i mål og på overtid fastsette Erland sluttresultatet til 3-1.Dette var også første kampen til ny hovudtrenar Tore Namtvedt. Med seg har han Arild Markussen og Marius Valdersnes som hjelpetrenarar. Sistnemnde skal ha eit særleg ansvar for Radøy 2.

Bilettekst: Kaptein Espen Fanebust Lilletvedt fekk sin første kamp på lag med sin talentfulle veslebror Henrik (16) i denne kampen.