Rekrutteringsplan Radøy FK
Mål: klubben rekrutterer nye årskull med spelarar og trenarar. Ein freistar vidare å etterrekruttere alle åra i barnefotballen
Tiltak: klubben tek initiativ barnefotballsamling i august, kort tid etter skulestart
Rekrutteringsplanen tek utgangspunkt i «Bestemmelser om barneidrett» der det blant anna står at «i idretten skal barna ha det sosialt, føle seg trygge, ønske å prøve nye ting, og ikkje vere redde for å feile. Alle idrettstilbud for barn skal være åpne for alle som ønsker å være med»
Radøy FK ynskjer leggje til rette for at det er plass til alle uavhengig av funksjonsevne, kulturell bakgrunn, etnisitet og betalingsevne
1. Førebuing/planleggjing
Klubben skal i løpet april/mai planleggje for gjennomføring av barnefotballkveld. Dette inkluderar tinging av baner, og å få tak i aktuelle trenarar. Det skal vere to trenarar pr 8-10 born. Invitasjon skal ut til alle nye 1.klassekull i løpet av første veka etter skulestart, der ein inviterar til barnefotballkveld innan utgongen av august.
Klubben skal bruke alle tilgjengelege media for å informere om, og promotere barnefotballkveld.
Det blir sendt ut ranselpost via skulen på forskjellige språk, alt etter behov, i dialog med skulen. Klubben si heimeside skal ha omtale av arrangementet, der kontaktinfo til barnefotballansvarleg kjem fram.
2. Gjennomføring av barnefotballkveld
Barnefotballkveld skal vere eit arrangement der nye spelarar og foreldre/føresette skal få informasjon om det tilbodet klubben har. I starten vil det vere ei felles samling for born og foreldre/føresette, der klubben ynskjer velkommen og deler ut ei klubb t-skjorte til kvart born. Det skal denne kvelden haldast informasjonsmøte for foreldre/føresette medan borna deltek i aktivitet med trenarar frå klubben.
Ansvarleg frå klubben organiserer grupper på 8-10 born på fotballbana. Ein skal ha fokus på aktivitetar som fremjer trivsel, læring samt interesse for fotball og aktivitet.
Når borna er godt igong med trening, går forelde/føresette til eigna lokale for informasjonsmøte
Om det er born med særskilte behov (t.d fysiske handicap), må foreldre snarast, og gjerne før informasjonsmøtet informere om dette, så vil klubben gjere sitt beste for å leggje til rette for at barnet kan delta
I ein liten klubb, vil det variere frå år til år om ein finn det fornuftig med eigne jente/gute lag, eller om heile årsklassen skal starte saman. Som oftast blir borna delt inn i jenter og gutar ganske snart etter oppstart, då dette er noko me har hatt god erfaring med til no.
3. Informasjonsmøtet med foreldre/føresette skal innehalde følgjande informasjon
- Minst ein person frå styret skal delta i møtet, saman med rekrutteringsansvarleg.
- Presentasjon av klubben sitt verdigrunnlag, visjon og mål.
- Info om korleis klubben vert drifta og er organisert. Det er viktig at ein trekkjer fram det frivillige arbeidet og framsnakkar dette
- Medlemskap, og inn-/utmelding. Informere om me har eit inkluderingsfond, som det er mogleg å søkje støtte frå ved manglande betalingsevne. All informasjon er taushetsbelagt (heller ikkje styret informerast ved søknad), det skal kjennast trygt å ta kontakt
- Foreldrevettreglar. Kva rolle foreldre/føresette og andre kan ha inn mot eit lag eller mot klubben generelt. Alle foreldre/føresette kan bidra med noko, sjølv om ein ikkje har eigen fotballerfaring, noko som er særs viktig å vidareformidle
- Kva klubben bidreg med ved oppstart av eit lag, og kven som er aktuelle kontaktpersonar
- Barnefotballkurs/trenarkurs
- Treningstider og baner, og korleis bestille treningstid. Klubben ynskjer at borna skal få spele fotball i nærmiljøet så langt det lar seg gjere. Samtidig få fram det positive med samarbeid på tvers av skulekrinsane
- Registrere alle foreldre som ynskjer å ha ei rolle inn mot laget/klubben med namn, tlfnr adresse og e-postadresse
- Avtale tidspunkt og dato for neste trening. Dersom råd, fastsetje fast treningstid.
4. Oppfølgjing
Klubben (primært rekrutteringsansvarleg) skal tilstrebe tett oppfølgjing av nystarta lag i byrjinga, for å sikre ein vellukka oppstart. Trenaransvarleg har særskilt ansvar for at trenarane og dei nye 6- åringane får gode rammer og føresetnader for å lukkast, med organisering og gjennomføring av dei første treningane. Dersom laga får ein god oppstart, er mykje av grunnlaget for gode fotballopplevingar lagt. Det er ynskjeleg med implementering av treningsøkta.no alt frå første trening.
Trenaransvarleg er til stades på dei første treningane for støtte og veiledning. Trenarteamet tek deretter gradvis over meir og meir av treningane.
Klubben skal tilby alle nye trenarar Grasrottreneren/NFF C-lisens Delkurs 1
Etterrekruttering
Klubben vil samstundes som ein inviterar til barnefotballkveld for nye 1.klassingar i august, sende ut skriv til eldre årsklassar, der ein inviterar born som ikkje alt spelar fotball på trening, for å sjå om dei ynskjer starte/starte igjen.